FACT digital region Setesdal

FACT står for Flexible Assertive Community Treatment = Fleksibel Aktiv Oppsøkande Behandling. FACT-teamet skal gje heilskaplege, koordinerande og oppsøkande tenester til deg med alvorlege psykiske lidingar og/eller rusmiddelproblem. 

Kva kan vi hjelpe deg med?

FACT-teamet bidreg mellom anna med å utrede kva som er behova dine, mål og ønske for behandling og oppfølging. I samråd med deg blir som regel informasjon innhenta frå pårørande og tidlegare behandling innan psykisk helse, dersom dette finst.

Modellen bygger på at det skal kunne givast langvarig oppfølging, der det er behov. Me ønsker i størst mogleg grad at oppfølginga går føre seg heime hos deg eller i nærmiljøet ditt. Omfang av hjelp og tenester skal vere fleksibelt etter den aktuelle situasjonen din. Det kan vere behov for hjelp på fleire område i livet, som sosialt nettverk, økonomi, bustad, arbeid, utdanning og pårørandeoppfølging m.m.  

Samarbeid mellom mange fagfelt

Vi er eit FACT-team som forebels er i prosjekt. Det er eit samarbeid mellom setesdalskommunane, ved LMT Setesdal og Sørlandet sykehus (SSHF). Det tverrfaglege teamet vårt består av psykolog, psykiater, erfaringskonsulent, sjukepleiarar med vidareutdanning innen psykisk helse, sosialterapeut og sosionom, mellom anna.

Riktig oppfølging for deg

FACT-teamet samarbeider med deg, for å finne fram til riktig oppfølging. Det er viktig for oss å formidle håp, å ha fokus på meistringsområda og ressursane dine. I samråd med deg utarbeider FACT-teamet:  

  • Ein behandlingsplan: den skal innehalde resultat frå utredning, skildring av behova dine, mål og tiltak. 
  • Ein kriseplan: den skal innehalde informasjon om tidlege teikn på krise, tiltak som skal settast i verk og aktuelle personar som skal kontaktast. 

Tilvising

Det er nødvendig med tilvising frå fastlegen eller psykologen din. Kommunen (helse- og omsorgstenesta og sosialtenesta) kan òg tilvise til FACT-team, dersom det gjeld tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB). 

Du har rett til å medvirke i tilvisinga. 

Om du erfarer både psykisk liding og rusmiddelproblem, skal spesialisthelsetenesta gje hjelp knytt til desse samansette utfordringane.  

Tilvisingene blir mellom anna vurdert etter prioriteringsrettleiarane: