Honorarfond til folkemusikk

Honorarfond til folkemusikk er ei tilskotsordning som alle lag, foreiningar, bedrifter og privatpersonar kan nytte seg av.

Føremål

Føremålet med honorarfondet er å gjere folkemusikken i Setesdal kjent og høyrt, og å stimulere til aktivitet blant folkemusikkutøvarar, ikkje minst dei unge. 

Fondet kan dekke delar av honoraret når ein arrangør bruker folkemusikarar med lokal tilknyting til arrangement i Bykle, Valle, Bygland, Åseral og Evje og Hornnes kommunar. Ved bruk av unge utøvarar, kan fondet dekke heile honoraret. 

Det er Valle Sparebank, Bykle, Valle, Bygland, Åseral og Evje og Hornnes kommunar som finansierer fondet, og Setesdal Spelemannslag administrerer det.

Utøvarar i ordninga

I brosjyra som er laga om honorarfondet, kan du sjå oversikt over ulike utøvarar i ordninga.

Sjå brosjyra her (PDF, 4 MB)

Kven kan søkje om tilskot?

Alle arrangørar - lag, foreiningar, bedrifter eller privatpersonar - med tilskipingar i Bykle, Valle, Bygland, Åseral og Evje og Hornnes kommunar, kan søkje om tilskot frå fondet. 

Ordninga gjeld ikkje for offentlege institusjonar. 

Honorarfondet kan støtte arrangement av dei fleste slag, anten det dreier seg om kulturinnslag ved konferansar, bedriftssamlingar, representasjonsoppdrag, opningsfestar, jubileum, ”runde dagar”,  private tilskipingar eller anna.

Slik søkjer du

Søknad om tilskot frå fondet skal sendast til Honorarfond til folkemusikk. 

Bruk det elektroniske skjemaet under. Skriv ein enkel søknad som inneheld opplysningar om arrangør, type arrangement, stad/tid, utøvar(ar) og avtalt honorar. 

Hugs å sende inn signert mottatt honorar eller bankutskrift på at honorar er betalt. Hugs kontonummer for utbetaling.

Bruk følgjande elektroniske søknadsskjema:

Søknad om tilskot frå honorarfond til folkemusikk (valle.kommune.no) 

Søknader blir handsama fortløpande, og tildeling skjer dersom søknaden tilfredsstiller retningslinene, og så lenge det er midlar på fondet.

NB! Kvar arrangør kan søkje om tilskot maks fem gongar per år.

Har du spørsmål?

Kontakt Setesdal Spelemannslag for meir informasjon om ordninga. Dei har e-postadresse: post@setesdalspelemannslag.no.