Ny bok av Vidar Lande om Folkemusikk i Evje og HornnesForfattar: Vidar LandeTittel: Mellom aust og vest, Folkemusikk i Evje og HornnesUtgjeve 2024 av Evje og Hornnes SogelagForfattarens samandrag“Boka vender seg til menneske med forskjellige interesser. I bilde og tekst fortel ho om personar frå Evje-Hornnes-området med tilknytnad til folkeleg felemusikk, og set dei inn i ein samanheng med kulturstraumar på Indre Agder. Det blir også peika på korleis det karakteristiske breie kulturbildet i nedre Setesdal, bygger på føresetnader frå 1700- og 1800-talet, og leier fram til representativ, lokal samtidsmusikk. Viktige underliggande idear som har styrt den historiske utviklinga, er henta frå rasjonalisme og romantikk,- ikkje minst innan haugianisme, vekkingskristendom, den frilynde ungdomslagsrørsla og framveksande nasjonalisme.”Årets jolegåve?Boka kan kjøpast på Norli bokhandel i Evje sentrum, i Evje og Hornnes sparebank og på servicekontoret hjå Evje og Hornnes kommune på Evjemoen. Prisen er 400 kroner.Boklansering på SyrtveitDet blir boklansering hjå Inger Lise Stulien på Syrtveit gard på Syrtveit tysdag 17. desember kl. 17:00. Her kjem forfattaren og fortel om bokprosjektet, det blir kulturelle innslag og sal av bøker. Les meir om arrangementet og korleis du melder deg på på facebooksida til Inger Lise Stulien. Publisert 03.12.2024 13:55