Ein dag i omsorgen
Måndag 7. april fekk ordføraren hospitere hjå heimesjukepleien, på Evjeheimen og på Hornnesheimen. Det var lagt opp til ein full dag. Første økta var saman med heimesjukepleien frå klokka 07:30 til 10:30. Etterpå var det inn på Evjeheimen for å vere med på dei ulike gjeremåla der. Klokka 13:00 haldt opplegget fram på Hornnesheimen.
Eg er svært takksam for å få denne mogelegheita. Det var godt å sjå på eigenhand kor godt det fungerer. Ein variert og flott arbeidsplass, men og hektisk og travel med mange tunge oppgåver. Det var imponerande å sjå samspelet mellom dei ulike tilsette og korleis dei takla dei mange oppgåvene dei har.
I heimesjukepleien fulgte eg ein sjukepleiar med ut i bygda og i omsorgsboligar. På Evjeheimen deltok eg i stell og vanlege gjeremål, og på Hornnesheimen var eg mellom anna med tilsynslegen på visitt.
Eg vil nytte høvet til å rette ei stor takk for det arbeidet dei tilsette gjer. De står i eit tungt, men og gjevande arbeid som løysast på eit fagleg svært høgt nivå. Varme hender, kompetanse, medkjensle, yrkesstoltheit og samhald som eg fekk sett denne dagen gjer meg endå tryggare på at vi har ei teneste som fungerer slik vi ynskjer. Så veit vi at kommunane står framfor store oppgåver med omsyn til den demografiske utviklinga i samfunnet i nær framtid. Det blir krevjande, og vi må finne dei gode løysingane saman.
Morten Haraldstad