Diabeteskurs

Dette kurset passer for deg som vil lære meir om denne sjukdommen, dei som har diabetes og dei som er på grensa til å få diabetes.

Tema på kurset

Kva er diabetes? 

  • Forskjellen mellom diabetes 1 og 2, diagnostisering, behandlingsmål og behandlingsprinsipp.
  • Hovudfokuset i dette kurset er på diabetes type 2, som er mest utbredt blant befolkninga.

Kva virker inn på blodsukkeret og kva må eg passe på når eg har fått diabetes?

  • Informasjon om fysisk aktivitet og mat, og kva ein må passe på for å redusere risikoen for komplikasjoner. 

Ta kurset

Kurset er digitalt og varer om lag ein time. Du kan ta det når det passer for deg. 

Frisklivstilbod i Setesdal

Kommunane i Setesdal har diverse frisklivs-, lærings- og meistringstilbod. Kommunane har gått saman om tilbodet og har utvikla kurs som arrangerast i både øvre og nedre del av Setesdal. Kursa er gratis så lenge det ikkje er spesifisert noko anna. 

Annan diabeteshjelp

Det er viktig med god kunnskap for å førebygge og for å leve godt med diabetes. Du kan få hjelp av gratistenesta "Diabeteslinjen". 

Dei kan kontaktast på telefon eller via chat kvardagar kl. 09:00-15:00. Der får du prate med erfarne rettleiarar, sjukepleiarar og diabetessjukepleiarar, eller med legar eller psykologar ved behov. 

Du kan stille spørsmål via nettsida diabetes.no/linjen heile døgnet.