Når er det drop-in?
Det er drop-in torsdagar kl. 12:00-14:00.
Kor er det drop-in?
Møt opp i 2. etasje i sentrumsbygget på Evje. Inngongen er til høgre for bokhandlaren Norli. Følg merkinga.
Kva kostar det?
Det er gratis for innbyggarar i samarbeidet, men kostnader til materiell/porto kan tilkomme.
For innbyggarar frå andre kommunar kommer kostnad på kr. 250,- i oppmøteavgift, som ikkje følger frikort, i tillegg til andre kostnader.
Kva kan du få hjelp til på drop-in?
- Sende inn høyreapparat til reparasjon til leverandør
- Ta avstøyping til nye proppar (høyreapparata, symjing, jakt)
- Skifte nokre delar på høyreapparata
- Hjelpe til med slangebyte
- Tilbakestille høyreapparatet til opprinnelege innstillingar etter at det har vore til reparasjon
- Fjerning av pipelyd og skrapelyder i høreapparat
- Koble til app og mobil
- Ladeutfordringar
Kva kan du IKKJE få hjelp til på drop-in?
- Høyrselstestar
- Justering av høyreapparatane
- Tilkopling av diverse utstyr/tilbehør til høyreapparatar