Hukommelsesteamet i SetesdalHar du sjølv eller nokon du kjenner hukommelsesproblem, eller er det mistanke om demens? Då kan du kontakte Hukommelsesteamet i Setesdal.Kva kan vi hjelpe med?I samarbeid med fastlegane gjennomfører vi kartlegging med sikte på å utrede heimebuande pasientar. Tilvisning til Hukommelsesteamet kan komme frå pårørande, heimetenesta, spesialisthelsetenesta, fastlegane eller personen sjølv.Hukommelsesteamets to hovudoppgåver:Utredning av heimebuande personar som har problem med hukommelse eller om ein mistenker demens.Drifte pårørandeskular for pårørande til personar med hukommelsesproblem og demens.Kven kan få hjelp av oss?Du som opplev at det har skjedd ei mental endring hos deg. Hukommelsesproblem er ofte ein del av biletet. Årsakene kan vere fleire og samansette. Det treng ikkje å vere demenssjukdom.Problema det skaper i kvardagen kan vere ulike, som til dømes depresjon, sorg, ekstraordinære påkjenninger, psykisk sjukdom, forvirringstilstander eller fysisk sjukdom. Desse er i Hukommelsesteamet i SetesdalKoordinator Signe Telhaug (Evje og Hornnes kommune)Sjukepleiar Bjørn Harald Hagen (Evje og Hornnes kommune)Trivselskoordinator Kenneth Fyhn (Bygland kommune)Kommunelege Hallvard Mosdøl (Valle kommune)Sjukepleiar Gerd Torhild Helle Aakhus (Valle kommune)Sjukepleiar Annette Trydal (Bykle kommune)Omsorgsarbeidar Allis Austegard (Åseral kommune)Her finn du LMT SetesdalPostadresse: LMT Setesdal - Evje og Hornnes kommune, Kasernevegen 19, 4735 Evje.Besøksadresse: Nils Heglands veg 53, 4735 Evje. Sentrumsbygget, i 2. etasje. Bruk inngongen til høgre for Norli.