Pårørandeskule 2026: Kjenner du nokon som gløymer?

Pårørandeskulen er eit gratis kurstilbod til deg som har eit familiemedlem eller ein nær ven som har hukommelsesproblem eller ein kjend demenssjukdom. Hukommelsesteamet arrangerar kurs kvar haust - ofte i oktober. Når program for årets kurs er klart, kjem det informasjon om det her på denne sida. 

Datoane for årets kurs er tysdagane 6., 13., 20. og 27. oktober 2026. Meir informasjon kjem etter kvart. 

Kva er pårørandeskulen?

Pårørandeskulen er eit gratis kurstilbod for deg som har eit familiemedlem eller ein nær ven med hukommelsesproblem eller kjend demessjukdom. Personen kan bu heime eller på institusjon. 

Gjennom faglege førelesinger og gruppesamtalar vil du få kunnskap om demens, og innsikt i kva for følgjer sjukdomen kan ha for personen med demens, deg som pårørande og øvrig familie. 

Du treff andre pårørande i same situasjon og fagpersonar med kompetanse på området. 

Kva inneheld kurset?

Kurset tek opp følgjande tema:

  • demenssjukdomane
  • utfordrande adferd
  • praktiske utfordringer i kvardagen
  • tekniske hjelpemiddel
  • brannsikkerheit
  • tilbod i kommunen
  • korleis søkje om hjelp
  • kommunikasjon og samhandling
  • bruk av musikk i demensomsorgen
  • aktiviteter vi kan gjere saman
  • ein pårørande sin historie
  • høyrsle og demens

Praktiske opplysninger

Meir informasjon om pårørandeskulen 2026 kjem etter kvart.

Måtsettinga til pårørandeskulen

  • Gje pårørande auka kunnskap om demenssjukdomar.
  • Gje innsikt i metodar for kommunikasjon og samhandling med personar med demens.
  • Bidra til at pårørande får betre kjennskap til rettigheiter og aktuelle lover, og korleis ein får kontakt med hjelpeapparatet.
  • Tilby støtte gjennom å møte andre pårørande som er i same situasjon.

På pårørandeskulen vektlegg vi openheit i trygge omgjevnader. Private opplysningar som kjem fram, skal forbli mellom deltakarane. 

Kontaktperson i din kommune 

  • Bykle: Annette Trydal, tlf. 916 41 495.
  • Valle: Gerd Torhild Helle Aakhus, tlf. 970 82 893.
  • Bygland: Kenneth Fyhn, tlf. 902 25 503.
  • Evje og Hornnes: Bjørn Harald Hagen, tlf. 909 17 835.
  • Åseral: Allis Austegard, tlf. 958 70 647.