Leiar/samhandlingskoordinatorLeiar/samhandlingskoordinator for LMT Setesdal skal blant anna leie og utvikle samarbeidet i medlemskommunane Bykle, Valle, Bygland, Evje og Hornnes og Åseral kommune. Kva er leiaren sine oppgåver? Leiaren har eit overordna ansvar for å koordinere helsesamarbeidet på tvers av kommunane i Setesdal og forvaltningsnivåa, samt følge opp samarbeidsavtaler med spesialisthelsetenesta. Leiaren skal ha ei pådrivarrolle for strategiske val innan helse- og omsorgstenester i regionen, samt for innovasjons- og samhandlingsprosjekt og informasjons- og nettverksarbeid. Leiaren i LMT Setesdal representerer regionen i følgande utval: Koordinerande avtalegruppe Arbeidsutvalg (AU) for Helsefellesskapet, strategisk samarbeidsutvalg (SSU) i Agder Arbeidsutvalget (AU) til Kommunenes overordnede strategisk samarbeidsutvalg (KOSS) Bisitter i SSU og KOSS Er sekretær i Regionalt samarbeidsutvalg (RSU) Er sekretær i Helsenettverket i Setesdal Lovpålagte samhandlingsavtaler Her finn du våre samarbeidsavtaler mellom Sørlandet sjukehus og kommunane i Region Setesdal: https://sshf.no/helsefaglig/samhandling/lovpalagte-avtaler Her finn du LMT Setesdal Postadresse: LMT Setesdal - Evje og Hornnes kommune, Kasernevegen 19, 4735 Evje. Besøksadresse: Nils Heglands veg 53, 4735 Evje. Sentrumsbygget, i 2. etasje. Bruk inngongen til høgre for Norli.