2. Den gamle loddrettheisen

I den gamle loddrettsjakta blei nikkelmalmen haspa opp med handmakt. Haspelen bestod av ein aksel for heiselina, forsynt med to sveiver. Heisetønna (kybelen) tok omlag 400 kg stein, og fire mann haspa samtidig, to på kvar side. Vanleg heisehøgde var omlag 20 meter. 

I Flåt haspa dei ned til 40 meters djup. Det var tungt arbeid å heise opp malm. Heisearbeidarane hadde mykje lågare løn enn dei som dreiv bergbryting. Haspel blei brukt heilt fram til 1890-åra. Då tok dei i bruk wiredrift frå eit vasshjul i Oddebekken.