Besøk av Noregs mållag

Fredag 15. november hadde Evje og Hornnes kommune besøk av Noregs mållag i samband med nynorskstafetten. 

Nynorskstafetten legg vekt på å styrkje nynorsk i eit samfunn dominert av bokmål ved å engasjere lokale aktørar og inspirere til auka bruk av nynorsk i ulike sektorar. Kvar år reiser mållaget ut i ein avgrensa periode til eit utvalt område. 

Føremålet med besøket var å lære om korleis kvardagen er i ein språknøytral kommune med nynorsk som opplæringsspråk. Mållaget fekk høyre om korleis dette  fungerer i Evje og Hornnes kommune. Både om utfordringar knytt til ny opplæringslov og om korleis ein tenkjer på målføret i saksframlegg og sakshandsaming i kommunen. 

Det vart eit hyggeleg og lærerikt møte for begge partar. 

På biletet over ser du Vemund Norekvål Knudsen (t.v.), politisk rådgjevar, og Hege Lothe, informasjons- og organisasjonsrådgjevar, begge frå Noregs mållag, saman med ordførar i Evje og Hornnes kommune, Morten Haraldstad. 

 

Om nynorskstafetten

“Nynorskstafetten går til randsoneområder der nynorsk er under press. Gjennom stafetten snakkar Noregs Mållag, Norsk Målungdom og andre nynorskorganisasjonar med alt frå ordførarar, bedrifter, rektorar, lærarar til elevar for å høyra kva som skal til for å gjera det lettare å bruka nynorsk i deira område. Målet er å lytta, læra, spreia kunnskap og gje ny kveik i arbeidet for nynorsk."

Les meir på nettsida til Noregs mållag:

Nynorskstafetten på vegen