Frigjerings- og veterandagen 8. mai 2025 – 80 år i fridom

I dag markerer vi at det er 80 år sidan Noreg atter blei fritt etter fem lange år med okkupasjon. 8. mai er ein dag for å minnast og heidre alle som kjempa for fridomen vår – motstandsfolk, krigsseglarar, soldatar og sivile. Deira mot og offer har lagt grunnlaget for det frie og demokratiske samfunnet vi i dag lev i.

Samstundes er 8. mai dagen vi heidrar alle norske kvinner og menn som har tenestegjort i internasjonale operasjonar sidan 1945. Over 100 000 nordmenn har delteke i slike oppdrag, og deira innsats for fred og stabilitet verda over fortener vår djupaste respekt og takksemd.

La oss bruke dagen til å reflektere over verdien av fridom og demokrati, og til å takke alle som har bidrege og framleis bidreg til å verne om desse verdiane. Deira innsats minner oss om at fridom ikkje er ein sjølvfølge, men noko som må vernast og verdsetjast. Tida vi lev i minner oss om dette kvar dag.

Lokale krigsheltar

Vi minnast i respekt særskild dei frå Evje og Hornnes som under krigen ofra alt for vår fridom:

  • Oskar Torvald Austenå døde då M/S BORGESTAD forliste 12. februar 1941.
  • Nils Hegland døde i konsentrasjonsleiren Melk 3. mars 1945.
  • Torleif Jensen Engenes døde då D/S FIDELIO forliste 9. november 1942.
  • Jahn Iver Kornbrekke blei sendt til konsentrasjonsleiren Stutthof, kor han døde 14. mai 1944.
  • Alfred Ragnvald Moseid døde i konsentrasjonsleiren Staak 18. mars 1943.
  • Alf Juel Stausland døde i konsentrasjonsleiren Natzweiler 14. juli 1944.
  • Olav Tveit døde i konsentrasjonsleiren Staak 27. mars 1943.
  • Alfred Ugland døde i konsentrasjonsleiren Buchenwalds uteleir Ohrdruf 15. mars 1945.
  • John Hornnes døde i Natzweiler fangeleir 19. mai 1944.
  • Alfred Skaiå måtte bøte med livet 17. juni 1944 i Sachsenhausen fangeleir.
  • Jørgen Tambini døde då det amerikanske skipet D/S COLLAMER forliste i februar 1942.

Takk !

Minne frå Evje og Hornnes frigjeringsdagane 1945

 

Med helsing frå ordførar Morten Haraldstad