Ordføraren hospiterer: BARNEHAGE

“Ordføraren hospiterer” er ein serie der ordførar i Evje og Hornnes kommune, Morten Haraldstad, blir med tilsette ved forskjellige avdelinger i kommunen, på jobb. I desse artiklane deler han sine tankar og refleksjonar etter gjennomført hospitering. Tiltaket er godkjend av tilsette og evt. brukarar som han jobber med i løpet av arbeidsdagen. 

Ein dag i barnehagen

På ein usedvanleg flott og varm tysdag i mai, fekk ordføraren hospitere i kommunens avdeling for barnehage. Han fekk vere med i avdeling Øyegneis i Oddeskogen barnehage på Evje, som er ei storbarnsavdeling med barn i alderen 4-6 år.

"Dagen starta klokka 08:00, og eg vart teken i mot på ein framifrå måte av dei tilsette i barnehagen. Eg var spent på dagen og gleda meg masse til å vere saman med både barn og tilsette i gjeremål og aktivitetar denne dagen. Det blei ein lærerik og fin dag, med mange flotte inntrykk. Leik og aktivitetar, måltid saman med borna, smøring av solkrem, speling av fotball, læring, sosialisering og tillitsfulle møter. Og samlingsstund med song og gode historiar.

Eg var nok heldig med dagen, der veret var upåklageleg med sol og varme. Barna leika ute saman med dei vaksne i fin harmoni. Det vart planta grønsaker, der vatningsanlegget og kunne nyttast til litt avkjøling i sommarvarmen. Det var ballspel, sykling, leik og morosamme påfunn.

Dei tilsette i barnehagen gjer ein fantastisk jobb med omsorg, rettleiing, medkjensle og læring i trygge og kjende omgjevnader for barna. Foreldra leverer frå seg det mest kostbare dei har. Då er det avgjerande å vite at barna vert teken hand om på ein slik god måte.

Vi har ein flott barnehage med framifrå tilsette i Evje og Hornnes kommune. Den demografiske situasjonen i Noreg gjer at ein har eit mål om aukande barnetal. Då er det mellom anna viktig å legge til rette for trygge og gode barnehagar. Og ein må, som kommune, vise at ein satsar på barnehagane framover.

Eg er svært takksam for å få lov til å vere med denne dagen, og vil rette ei stor takk til dei tilsette som la til rette for at eg kunne delta i gjeremåla. Eg vil og sjølvsagt takke barna som tok i mot meg så tillitsfullt og fint, og gjorde denne dagen til slik ei flott oppleving." 

Morten Haraldstad