Tilskottsordning for innsamling av stadnamn

Språkrådet lyser ut tilskott til innsamling og registrering av stadnamn. Søknadsfristen er 1. april 2025.

I statsbudsjettet for 2025 er det sett av 1 550 000 kroner til ei tilskottsordning for innsamling og registrering av stadnamn. Kulturdepartementet har gitt Språkrådet i oppdrag å forvalte denne ordninga.

Stadnamn er viktige språklege kulturminne

Det språkhistoriske, kulturhistoriske og busetjingshistoriske aspektet ved desse namna kastar lys over liv og virke i tidlegare tider. Dei fleste eldre stadnamn er overleverte munnleg frå den eine generasjonen til den neste. Endringane i busetjingsstrukturen og overgangen til maskinelle driftsformer i primærnæringane gjer at mange gamle stadnamn går ut av bruk. Kulturarven som desse namna representerer, står i fare for å gå tapt når dei siste som kjenner til og bruker namna, fell frå.

Målet med tilskotet er å berge kulturarven

Formålet med tilskottsordninga er å bidra til å berge denne kulturarven ved å gi støtte til lokale aktørar som vil samle inn stadnamn. Innsamling og registrering skal samordnast, slik at namna kan bli tilgjengelege for flest mogleg. Det materialet som blir samla inn, skal derfor leggjast inn i ein nasjonal namnebase som er under utvikling. Gjennom dette verktøyet kan namna leggjast direkte inn på elektroniske kart. Dei som registrerer og samlar inn stadnamn, skal kunne leggje inn opplysningar knytte til namnet, inkludert lydfiler med uttaleopplysningar og bilde av staden. Det blir lagt opp til at fagpersonar i ettertid skal kunne kvalitetssikre data og leggje til opplysningar, til dømes om den språklege tydinga av namna. Namnebasen skal kunne brukast både i vitskapleg samanheng og til å auke kunnskapen om stadnamn som immaterielle kulturminne.

 

Er dette noko for deg?

Då kan du finne meir informasjon om dette tilskotet, om kven som kan søke og om korleis du søker, på nettsidene til språkrådet: 

Tilskottsordning for innsamling av stadnamn