1 Skulereglane
§ 1. Formål
Skulereglane skal bidra til at elevane i grunnskulane i Evje og Hornnes kommune har eit trygt og godt skulemiljø, som skaper trivsel, inkludering og gir eit godt grunnlag for meistring og læring. Reglane skal bidra til å utvikle dei sosiale dugleikane til elevane og til å byggja positive relasjonar elevane imellom og mellom elevar og tilsette.
§ 2. Verkeområde
Skulereglane gjeld for grunnskulane i Evje og Hornnes kommune.
§ 3. Delegasjon og lokale regler på den enkelte skule
Rektor ved kvar skule er delegert mynde til å utarbeide og fastsette forskrift om lokale skulereglar tilpassa lokale behov, som kommer i tillegg til denne forskrifta.
Rektor fastsett lokale skulereglar i administrativt vedtak etter høyring og handsaming i skulen sine organ for medverknad. Vedtaket går som referatsak til kommunestyret. Skulereglar for den enkelte skule er ei forskrift.
§ 4. Organisering av skoledemokratiet
Ved kvar grunnskule skal det være eit samarbeidsutval. Samarbeidsutvalet skal ha to representantar for undervisningspersonalet, to frå foreldrerådet, to for elevane og ein frå kommunen som eigar og rektor ved skulen. Elevane skal ikkje vere med i møte i samarbeidsutvalet når saker som er omfatta av teieplikt etter lover eller forskrifter blir handsama.
Samarbeidsutvalet er eit rådgjevande organ og har rett til å uttale seg i alle saker som gjeld skulen.
Ved kvar grunnskule skal det være eit elevråd som er vald av elevane på skulen, jf. Opplæringslova § 10-5. Elevrådet skal velje to elevar til skulen sitt samarbeidsutval.
Kvar skule skal ha eit foreldreråd der alle føresette til elever ved skulen er medlemmer. Foreldra sitt arbeidsutval (FAU) som er valt av føresette ved skulen, jf. Opplæringslova §10-5.
§ 5. Vurdering av eleven si orden og åtferd
Vurdering i orden og åtferd skal gjerast ut frå reglane i §§ 5 og 6 i denne forskrifta, samt skulen sine lokale reglement. For ungdomstrinnet vert vurderinga av orden og åtferd grunnlaget for vurdering med karakter både som terminvurdering og standpunktvurdering.
Rektor skal foreta ei heilskapleg vurdering av eleven si orden og åtferd over ein lengre periode. Enkelthendingar kan berre leggjast vekt ved særleg klanderverdige eller grove enkelthendingar.
§ 6. Orden
Elevane skal:
- Møte til avtalt tid og sted
- Gjere arbeid til rett tid og overhalde fristar
- Ha med nødvendige læremiddel og utstyr
- Ta vare på skolen sine eigendelar
- Være til stede og delta i undervisning heile skoledagen
§ 7. Åtferd
Elevane skal vise vanleg god åtferd. Det er god åtferd å:
- Behandle medelever, tilsette og andre som eleven møter i skulekvardagen med respekt
- Bidra til eit inkluderande læringsmiljø
- Vise nettvett og god digital dømmekraft
- Ta vare på og behandle skulen sitt område og eigendelar respektfullt
- La andre sine eigendelar være i fred
Kva som ikkje blir rekna som god åtferd i skulen:
- Krenkande ord og åtferd ( gjeld og digitalt) overfor elever og tilsette
- Utøve eller truge med fysisk vald
- Juks eller forsøk på juks
- Ta bilete av eller filme personar utan samtykke
- Ha med eller bruke rusmiddel, tobakk, snus og elektroniske sigarettar, vape o.l.
- Ha med og/eller nytte farlege gjenstandar
- Bruk av klesplagg som heilt eller delvis dekker ansiktet i opplæringssituasjonar, leksehjelp og skulefritidsordninga jf. Opplæringslova § 27-2.
§ 8. Tiltak ved brot på skulereglane
Ved gjentekne brot på skulereglane skal skulen følge opp eleven gjennom samtale og rettleiing, og skal informere føresette så hurtig som mogleg. Før skulen tar kontakt med føresette, skal eleven, så langt det er mogleg, få moglegheit til å uttrykke sine synspunkt og få informasjon om kva som vil bli formidla.
Skulen kan nytte desse tiltaka ved brot på skulereglane:
- Merknad
- Pålegg om å utføre oppgåver før eller etter skuletid som har samanheng med regelbrotet
- Midlertidig inndraging av gjenstandar som blir brukt i strid med skulereglane. Gjenstandane skal oppbevarast forsvarleg og kan inndragast frem til skuledagen er slutt. Tobakk og alkohol skal overleverast til foreldra. Ulovlege gjenstandar og ulovlege rusmiddel som f.eks. våpen og narkotika, skal overlatast til politiet.
- Restriksjon i bruk av skulens utstyr
- Avgrensa område i friminutt
Ved fleire grove brot på skulereglane kan elevane
- Vises bort frå opplæringa, jf. Opplæringslova § 13-1. Dette inneber at elever på 1.-7.trinn kan vises bort for enkelttimar eller resten av skuledagen, og elevar på 8.-10.trinn kan vises bort opptil tre dagar. Det er ikkje tillat med bortvising frå SFO eller leksehjelp.
- Midlertidig eller permanent klassebytte/gruppebytte
- Permanent skulebytte, jf. Opplæringslova § 13-2
§ 9. Omsynet til eleven sitt beste og eleven si rett til å bli høyrt
I alle saker som handsamast etter dette reglement og skulens lokale regler, skal omsynet til eleven sitt beste være eit grunnleggjande omsyn. Skulen skal ivareta eleven si rett til å bli høyrt, slik at eleven si meining og medverknad er sentral. Skulen informerer heimen via Visma flyt skole om merknader og kvifor eleven har fått denne. Sjå elles § 7 om oppfølging av elevar.
§ 10. Sakshandsaming
Skulen skal sjå til at saka er så godt opplyst som mogleg før det blir tatt ei avgjersle. Skulen sitt val av reaksjon skal være rimeleg og regelbrot og tiltak må sjåast i samanheng. Kollektiv straff ved brot på skulereglane er ikkje tillat. Skulen skal ivareta eleven si rett til å bli høyrt. Eleven skal få moglegheit til å forklare seg for den som skal ta avgjersle i tråd med § 8 i dette reglementet. Ein sanksjon skal gis så snart som mogleg etter brot på skulereglane
Ein sanksjon må ikkje innebere usakleg forskjellsbehandling eller være basert på usaklege omsyn. Skulen skal grunngi avgjersle og dokumentere skriftleg.
Ved særlege alvorlege brot på skulereglane skal skulen lage ein plan med eigna tiltak i samarbeid med eleven og føresette. Der det er naturleg kan planen sjåast i samanheng med aktivitetsplan etter opplæringslova § 12-4.
Før bortvising, klasse-/gruppe/skulebyte blir tatt skal alltid andre og mindre inngripande tiltak og sanksjonar være vurdert.
Sanksjonane i § 8 om bortvising er eit enkeltvedtak, og må følgje sakshandsamingsreglane for enkeltvedtak i forvaltningslova. Føresette til eleven skal varslast og har rett til å uttale seg før vedtak blir fatta. Føresette kan klage på vedtaket etter forvaltningslova § 28. Fristen for å klage er tre veker frå det tidspunkt føresette har mottatt enkeltvedtaket, jf. Forvaltningslova § 29. Ei eventuell klage kan rettes til skulen som har fatta enkeltvedtaket.
Pålagt skulebyte er det berre kommunedirektøren som har mynde til å vedta.
§ 11. Ikraftsetjing
Forskrifta trer i kraft straks.
[Retningsliner for utarbeiding av ordensreglement for grunnskulane i Evje og Hornnes justert
i administrativt vedtak sak 184/2017 er oppheva.]