1 Permisjonsreglane §§ 1-6
§ 1. Formål
Forskrift om permisjon frå grunnskuleopplæringa regulerer handsaming av søknadar om permisjon frå den pliktige grunnskuleopplæringa. Det ligg til grunn for forskrifta at barn har plikt til grunnskuleopplæring frå det året dei fyller seks år, til dei har avslutta 10. trinn.
Forskrifta skal sikre lik handsaming av søknadar om permisjon, sikre plikt og rett til grunnskuleopplæring og redusere omfang av fråvær.
§ 2. Verkeområde
Forskrifta gjeld pliktig grunnskuleopplæring etter opplæringslova § 2-2.
Forskrifta gjeld for elever i Evje og Hornnes kommune sine grunnskular.
§ 3 Vilkår for permisjon frå grunnskuleopplæringa
Det er eit vilkår for å innvilge permisjon at opplæringa samla sett må vere forsvarleg. Når det er forsvarleg ut frå eleven sitt samla opplæringstilbod, kan skulen etter søknad frå føresette, gi den enkelte elev permisjon med dei presiseringar som følgjer av §§ 4 og 5 i denne forskrifta.
Vurdering av kva som er forsvarleg skal bygge på individuelle forhold og skal ta omsyn til den totale situasjonen til eleven. I vurderinga av kva som er forsvarleg skal det leggjast vekt på eleven si læring, undervisningsopplegget som skulen har i permisjonstida til eleven, om føresette sørgjer for at eleven får den opplæringa som må til for å kunne følgje med i undervisninga på skulen etter permisjonen, kva som er det beste for eleven og kva eleven
sjølv meiner.
§ 4. Permisjonar som ikkje skal innvilgast
Skulen skal ikkje gje permisjon for eleven:
- Ved oppstart av skuleåret på 1. trinn og 8.trinn
- Ved førebuing og gjennomføring av obligatoriske statlege kartleggingar, munnleg og skriftleg eksamen inkludert obligatorisk førebuingstid til eksamen
- Som hovudregel skal elevane i siste halvår på 10.trinn, ikkje få permisjon over fleire dagar, sjå elles § 3.
- Som medfører at lærar ikkje får tilstrekkeleg grunnlag for vurdering.
Skulen kan gjere unntak dersom det ligg føre tungtvegande grunnar.
§ 5. Mynde til å gi permisjon
Kontaktlærar kan gje permisjon i inntil 2 dagar.
Rektor kan gje permisjon i inntil 10 dagar pr skuleår når rektor finn det forsvarleg.
Vurderinga av om ein elev skal få permisjon, er ei skjønnsmessig vurdering ut frå §§ 3 og 4 i denne forskrifta.
§ 6. Ikraftsetjing
Forskrifta trer i kraft straks