Om tenesta
Interkommunal audiograf, Caroline Dankworth, og høyrselskontaktane i kommunesamarbeidet Evje og Hornnes, Bygland, Åseral, Valle og Bykle har oppretta eit høyrselsteam som har som føremål å tilby innbyggarar sømløs høyrselshjelp av god kvalitet. Teamet gjennomfører kartlegging og tilrettelegging hos innbyggarar med høyrselsutfordringar i heimen, samt utviklar høyrselsomsorgen i kommunane.
Bestill time hos audiografen
Bestill time via Sørlandet sjukehus' høyrselssentral på telefonnummer 37 01 48 20 / 37 01 48 25, kl. 08:00-15:00 måndag til fredag.
Nye brukarar tilvisast til utredning på høyrselssentralen fyrste gongen.
Kva kostar det?
Timebestilte avtaler følger frikort og vil per konsultasjon ha ein eigenandel på kr. 375,-
Drop-in / 10-minuttarsservice
Når: Torsdagar kl. 13:00-15:00
Kor: Evjeheimen, høgre hovudinngong. Inngongen til Evje legevakt.
Kva kostar det?
Det er gratis for innbyggarar i samarbeidet, men kostnader til materiell/porto kan tilkomme.
For innbyggarar frå andre kommunar kommer kostnad på kr. 250,- i oppmøteavgift, som ikkje følger frikort, i tillegg til andre kostnader.
Kva kan du få hjelp til på drop-in?
- Sende inn høyreapparat til reparasjon til leverandør
- Ta avstøyping til nye proppar (høyreapparata, symjing, jakt)
- Skifte nokre delar på høyreapparata
- Hjelpe til med slangebyte
- Tilbakestille høyreapparatet til opprinnelege innstillingar etter at det har vore til reparasjon
- Fjerning av pipelyd og skrapelyder i høreapparat
- Koble til app og mobil
- Ladeutfordringar
Kva kan du IKKJE få hjelp til på drop-in?
- Høyrselstestar
- Justering av høyreapparatane
- Tilkopling av diverse utstyr/tilbehør til høyreapparatar
Få hjelp i din kommune
Den interkommunale audiografen besøker kommunane i setesdalssamarbeidet, og tilbyr servicetimar og kurs, samt at det er samarbeid med lokale høyrselskontaktar og anna helsepersonell desse datoane:
Audiografen er ikke tilstede ukene 28, 29, 30, 31, 41, 51, 52, 1
Dersom du har behov for møte med audiografen på desse datoane må du melde frå til høyrselskontakten i din kommune.
Lokale høyrselskontaktar
Kva kan dei hjelpe med?
- Spørsmål om hjelpemidlar
- Behov for vurdering
- Ønsker om hjelpemidlar
- Varsling i heimen
Her finn du interkommunal audiograf
Postadresse: LMT Setesdal - Evje og Hornnes kommune, Kasernevegen 19, 4735 Evje.
Besøksadresse: Ljosheimvegen 5, 4735 Evje. Høgre hovudinngong på Evjeheimen.