Pårørandeskule 2024

Pårørandeskulen er eit gratis kurstilbod til deg som har eit familiemedlem eller ein nær ven som har hukommelsesproblem eller ein kjend demenssjukdom. No er datoar og tema for årets pårørandeskule bestemt. Det blir kurs fire tysdagar i oktober 2024. Meld deg på innan 4. oktober.

Kva er pårørandeskulen?

Pårørandeskulen er eit gratis kurstilbod for deg som har eit familiemedlem eller ein nær ven med hukommelsesproblem eller kjend demessjukdom. Personen kan bu heime eller på institusjon. 

Gjennom faglege førelesinger og gruppesamtalar vil du få kunnskap om demens, og innsikt i kva for følgjer sjukdomen kan ha for personen med demens, deg som pårørande og øvrig familie. 

Du treff andre pårørande i same situasjon og fagpersonar med kompetanse på området. 

Kva inneheld kurset?

Kurset er på fire samlinger i oktober 2024. Her er datoar og tema:

  • Tysdag 8. oktober 2024 
    • Demenssjukdomane v/ Hallvard Mosdøl, lege
    • Utfordrande adferd v/Bjørn Harald Hagen, sjukepleiar
  • Tysdag 15. oktober 2024
    • Praktiske utfordringer i kvardagen v/ Elisabeth Storsveen, ergoterapeut
    • Tekniske hjelpemiddel v/ Elisabeth Storsveen, ergoterapeut
    • Brannsikkerheit for risikoutsatte grupper - kva vi som pårørande bør ha fokus på og kan hjelpe med v/Setesdal brannvesen IKS
    • Tilbod i kommunen. Korleis søkje om hjelp v/ hukommelsesteamet
  • Tysdag 22. oktober 2024
    • Kommunikasjon og samhandling v/ Ingunn Norschaug, ergoterapeut
    • Bruk av musikk i demensomsorgen. Aktiviteter vi kan gjere saman v/ Katrine Homdrum, sjukepleiar
  • Tysdag 29. oktober 2024
    • Ein pårørande fortel v/ Siren Bakke Winjor, pårørande
    • Høyrsle og demens v/ Caroline Dankworth, audiograf

Praktiske opplysninger

Stad: Fysisk oppmøte anten i Bykle helsehus eller i LMT Setesdal sine lokaler i sentrumsbygget på Evje. Om du ikkje har moglegheit til å delta fysisk, vil vi legge til rette for at du kan følgje kurset digitalt. 

Omfang: Det er i alt fire kurskveldar. Kursa varer frå kl. 18-21. 

Servering: Det blir servert mat og kaffi. Gje beskjed om evt. diett.

Påmelding

Meld deg på til koordinator i hukommelsesteamet, Signe Telhaug, på telefon 945 20 970, innan 4. oktober.

Måtsettinga til pårørandeskulen

  • Gje pårørande auka kunnskap om demenssjukdomar.
  • Gje innsikt i metodar for kommunikasjon og samhandling med personar med demens.
  • Bidra til at pårørande får betre kjennskap til rettigheiter og aktuelle lover, og korleis ein får kontakt med hjelpeapparatet.
  • Tilby støtte gjennom å møte andre pårørande som er i same situasjon.

På pårørandeskulen vektlegg vi openheit i trygge omgjevnader. Private opplysningar som kjem fram, skal forbli mellom deltakarane. 

Ta kontakt dersom du treng avlastning/transport for å delta på kurset. Vi vil prøve å hjelpe så godt vi kan. 

Kontaktperson i din kommune 

  • Bykle: Annette Trydal, tlf. 916 41 495.
  • Valle: Gerd Torhild Helle Aakhus, tlf. 970 82 893.
  • Bygland: Kenneth Fyhn, tlf. 902 25 503.
  • Evje og Hornnes: Bjørn Harald Hagen, tlf. 909 17 835.
  • Åseral: Allis Austegard, tlf. 958 70 647.