Hjelp med å bekjempe ugraset Landøyda

Landøyda er ei giftig plante som spreiar seg rundt i fylket. Evje og Hornnes kommune oppfordrar deg til å vere merksam på den giftige planta, og å fjerne den frå eigedomen din og andre nærområde. 

Bildet viser den giftige planten Landøyda. Gul blomst med spisse kronblad. På grønn stilk.  - Klikk for stort bilde

Landøyda blømer no på denne tida, og ei plante kan ha opp til 2000 frø. Frøa frå landøyda er spirevillige på jordoverflata, og kan ligge spiredyktige i jorda i lengre enn 10 år. Planta blømer i juli-september. Første året set den ein bladrosett, medan frøstenglane kjem år to.

Spreier seg raskt

Kvart år brukar gardbrukarane mange dagsverk på å halde planta vekke frå beite. Men likevel spreiar den seg langs vegar og andre udyrka områder, også i bebygde områder. Dersom dyra får den i seg, kan den gje leverskader og død.

Bli med og fjerne

Fleire kommunar oppmodar deg nå til å vere merksam på planta og å fjerne den frå eigedomen og andre nærområde. På denne tida hjelper ikkje kjemisk bekjemping (sprøyting). No må planta bli dradd opp og lagt i restavfall for å bli kvitt frøa. Bruk gjerne hanskar.

Ved større mengder enn kva restavfallsdunken har plass til, kan privatpersonar også levere gratis i gjennomsiktige avfallssekkar til Setesdal miljø og gjenvinning sine miljøstasjonar. Det må bli levert som spesialavfall. Treng dykk avfallssekkar til føremålet er det berre å ta kontakt med Setesdal miljø og gjenvinning på telefonnummer 37 93 00 40

Nettsida til Setesdal miljø og gjenvinning finn du her: 

Setesdal Miljø & Gjenvinning IKS

Meir informasjon om Landøyda

Bekjemp planten landøyda! (Statsforvalteren i Agder)

Faktaark om Landøyda (NLR Rogaland)

Informasjon om Landøyda (NIBIO Plantevernleksikonet)