Reguleringsplan for Syrtveit fiskeanlegg vart vedtatt av Evje og Hornnes kommune 16.11.2023. Vedtaket vart påklaga, og Statsforvaltaren gav klagar medhald. Kommunen sitt planvedtak vart difor oppheva. For meir detaljar kring dette, sjå planinitiativ for planarbeidet.
Avgrensing av planområdet
Forslag til planavgrensing er vist på vedlagte kartutsnitt og omfattar eigedomane gnr. 57/11 og deler av 57/10 og 57/699 i Evje og Hornnes kommune. I løpet av planarbeidet kan området verte meir avgrensa.
Mål med planarbeidet
Å Energi og Otteraaens Brukseierforening har gjennom fleire år hatt krav om å kultivere lokale fiskestammer for utsetjing i vassdraget. Kultiveringsarbeidet har vore vellukka, og bestandane i vassdraget er aukande. Det er på bakgrunn av dette søkt om å avslutte kultiveringsarbeidet, og Fyri Fish AS har inngått avtale om å overta fiskeanlegget på Syrtveit.
Fyri Fish AS ønskjer å utvikle området for å kunne produsere settefisk, og etter kvart matfisk, av bleke. Dette inneber bygging av nye produksjonslokale på området. Det er samstundes ønskjeleg å legge til rette for å ta opp igjen kultiveringsarbeidet dersom det vert naudsynt. Eksisterande infrastruktur knytt til vassinntak og utslepp er planlagt vidareført som i dag.
Overordna planstatus og oppstartsmøte
I gjeldande kommuneplan (2020-2030) er planområdet vist som næring og LNF-areal på land, samt bruk og vern av sjø og vassdrag med tilhørende strandsone i elva. Det er i tillegg faresone flaum på store deler av planområdet. Planområdet grensar i nord til omsynssone bevaring naturmiljø (H560). Planområdet er ikkje tidlegare detaljregulert. Det vart avholdt oppstartsmøte 7. november 2024, og i oppstartsmøtet var kommunen positiv til planideen som er lagt fram i planinitiativet.
Viktige utgreiingar
Store deler av eigedomen som er aktuell for næringsverksemd er omfatta av flaumfare. Det skal gjennomførast vurderingar knytt til flaumsikring som del av planarbeidet.
Planarbeidet er vurdert ihht forskrift om konsekvensutgreiing, og det er konkludert med at planarbeidet skal konsekvensutgreiast, men skal ikkje ha planprogram. Sjå vedlagt planinitiativ for fleire detaljar kring denne vurderinga.
Det er vurdert at følgjande tema skal konsekvensutgreiast:
- Naturmangfald på land
- Vassmiljø og naturmangfald i vatn
- Landskap
- Friluftsliv
- Næringsliv
Bakgrunnen for dei valde konsekvensutgreiingstemaa:
- Utviding av næringsområdet vil medføre påverknad på naturmangfald i tiltaksområdet. Utsleppet frå anlegget kan potensielt påverke vassmiljø og naturmangfald i elva.
- Fyri Fish AS sitt langsiktige arealbehov er større enn eksisterande planert næringsareal. Planlagt utviding av næringsarealet vil i hovedsak være i retning nord og øst. Det er ikkje planlagt inngrep i elva for å auke næringsarealet. Landskapsverknad skal konsekvensutgreiast i planarbeidet.
- Nord for planområdet er turistattraksjonen Syrtveitsfossen og turistparkering, og sør/søraust for planområdet er Troll Aktiv AS etablert med tilbod om ulike aktivitetar og overnatting. Det er GS-veg langs RV9 og undergang til Troll Aktiv sitt område. Elva og elvekanten sør i planområdet vert aktivt nytta til friluftsaktiviteter. Verknad for friluftsinteressene av endra plansituasjon skal konsekvensutgreiast i planarbeidet. Verknader for næringsliv, både innanfor planområdet, og for andre verksemder skal også konsekvensutgreiast.
Planinitiativ (PDF, 2 MB)
Plangrense (PDF, 593 kB)
Oppstartsmøte (PDF, 162 kB)
Varslingsbrev, planinitiativ og referat frå oppstartsmøtet er tilgjengeleg her på kommunen si heimeside, i planregisteret og på ABO sine nettsider.
Innspel og medverknad
Eventuelle kommentarar, merknadar, opplysningar m.v. som kan ha verknad eller interesse for planarbeidet kan sendast skriftleg, innan 07.01.2025, til:
ABO Plan & Arkitektur Stord AS
Postboks 32
5401 Stord
E-post: poststord@abo-ark.no / sarah@abo-ark.no
Det er ikkje nødvendig å sende kopi til kommunen, då innspela vil følgje saka når den vert sendt over til kommunen. Kommunen vurderer og kommenterer innspela når planen vert lagt ut til offentleg ettersyn/høyring. Det vert normalt ikkje gitt skriftleg svar på innspela utover dette.
Spørsmål om planarbeidet eller innspel til planarbeidet kan rettast til:
Sarah Fagertun Eggereide
Telefon: 483 42 201
E-post: sarah@abo-ark.no
Kjell Arne Møklebust
Telefon: 971 20 738
E-post: kam@baring.no