Audiograf / Høyrsel

Audiografen kan hjelpe deg som har høyrselsrelaterte utfordringar, eller er pårørande eller helsepersonell. Audiografen gjennomfører blant anna høyreapparatkontrollar og høyrselstestar.

Om tenesta

Interkommunal audiograf, Caroline Dankworth, og høyrselskontaktane i kommunesamarbeidet Evje og Hornnes, Bygland, Åseral, Valle og Bykle har oppretta eit høyrselsteam som har som føremål å tilby innbyggarar sømløs høyrselshjelp av god kvalitet. Teamet gjennomfører kartlegging og tilrettelegging hos innbyggarar med høyrselsutfordringar i heimen, samt utviklar høyrselsomsorgen i kommunane.

Bestill time hos audiografen

Bestill time via Hørselssentralen i Arendal på telefonnummer 37 01 48 20, kl. 08:00-15:00 måndag til fredag.

Nye brukarar tilvisast til utredning på Høyrselssentralen fyrste gongen.

Kva kostar det? 

Timebestilte avtaler følger frikort og vil per konsultasjon ha ein eigenandel på kr. 375,-

Drop-in / 10-minuttarsservice

Når: Torsdagar kl. 13:00-15:00
Kor: Evjeheimen, høgre hovudinngong. Inngongen til Evje legevakt.

Kva kostar det?

Det er gratis for innbyggarar i samarbeidet, men kostnader til materiell/porto kan tilkomme. 

For innbyggarar frå andre kommunar kommer kostnad på kr. 250,- i oppmøteavgift, som ikkje følger frikort, i tillegg til andre kostnader.

Kva kan du få hjelp til på drop-in?

  • Sende inn høyreapparat til reparasjon til leverandør
  • Ta avstøyping til nye proppar (høyreapparata, symjing, jakt)
  • Skifte nokre delar på høyreapparata
  • Hjelpe til med slangebyte
  • Tilbakestille høyreapparatet til opprinnelege innstillingar etter at det har vore til reparasjon
  • Fjerning av pipelyd og skrapelyder i høreapparat
  • Koble til app og mobil
  • Ladeutfordringar

Kva kan du IKKJE få hjelp til på drop-in?

  • Høyrselstestar
  • Justering av høyreapparatane
  • Tilkopling av diverse utstyr/tilbehør til høyreapparatar

Få hjelp i din kommune

Den interkommunale audiografen besøker kommunane i setesdalssamarbeidet, og tilbyr servicetimar og kurs, samt at det er samarbeid med lokale høyrselskontaktar og anna helsepersonell desse datoane: 

Dato for kommunebesøk desember 2023
Månad Evje og Hornnes Bygland Åseral Valle Bykle
Februar 2024 09. februar 28. februar
Mars 2024 15. mars 1. mars 20. mars 6. mars 6. mars
April 2024 19. april 5. april 17. april 3. april 24. april
Mai 2024 31. mai 24. mai 22. mai 29. mai 15. mai

Dersom du har behov for møte med audiografen på desse datoane må du melde frå til høyrselskontakten i din kommune.

Lokale høyrselskontaktar

Kva kan dei hjelpe med?

  • Spørsmål om hjelpemidlar
  • Behov for vurdering
  • Ønsker om hjelpemidlar
  • Varsling i heimen
Høyselskontaktar i kommunane
Kommune Høyrselskontakt Kontaktinformasjon Tilgjengeleg
Evje og Hornnes Elisabeth Storsveen 945 20 960 / elisabeth.storsveen@e-h.kommune.no
Bygland Anne Ingebretsen 482 51 398 / anne.ingebretsen@bygland.kommune.no Måndag (i oddetalsveker) kl. 08:00-15:00
Åseral Siv Tone Rossevatn Forgard 916 96 147 / siv.tone.rossevatn.forgard@aseral.kommune.no Måndag og onsdag kl. 08:00-15:30
Valle Liv Gunn Viki 482 64 364 / liv.gunn.viki@valle.kommune.no
Bykle Annette Trydal 910 04 945 / 916 41 495 / annette.trydal@bykle.kommune.no

Her finn du interkommunal audiograf 

Postadresse: LMT Setesdal - Evje og Hornnes kommune, Kasernevegen 19, 4735 Evje. 
Besøksadresse: Ljosheimvegen 5, 4735 Evje. Høgre hovudinngong på Evjeheimen.